torsdag 10. april 2014

ULLFUNN FRÅ LOPPIS / VINTAGE WOOL FINDS


Desse to skattane av nokre ulljakker fann eg på loppis forrige helg. Er dei ikkje utrulig fine?

Ifølge mamma kallast dei "Peer Gynt-jakker", og visstnok lagde mi eiga mormor mange slike på 50-talet, som ho selde til turistane i Sogn.

Jakkene er i  tynt ullstoff, og dei er både handsydde og handbroderte.
Den kvite jakka hadde nokre små flekkar då eg kjøpte den, men dei gjekk vekk etter ein lett ullvask. Elles er dei heilt perfekte, og ein kan ikkje sjå at dei har blitt brukt i det heile tatt. Mitt triks for å få kjøpt klede billig på loppis, er å leite meg fram til mannlege selgarar som tilfeldigvis er blitt plassert i klesavdelinga, og foreslå ein mykje lavare pris enn eg trur eg må ut med. Erfaring tilseier at korps-pappaer er lettare å prute med enn korps-mammaer når det kjem til klede. Sidan eg går lavt ut, vil ikke pappaen legge seg så veldig høgt i pris han heller, sjølv om han sjølvsagt vil ha meir enn dei 20 kr eg foreslo. Til slutt fekk eg begge jakkene for 50 kr.

Ein får lett assosiasjonar til bunader av jakkene.
Men eg trur dei kan bli veldig fine saman med kvardagsklede også, no som våren snart er her for fullt. Nøyaktig kva størrelse dei har, er vanskeleg å seie, men dei er berre litt for store til Iben som snart er to år. Med litt oppbrett på armane, vil nok ho bli ikledd desse for søndagsturar i parken snart.
Look what I found at the fleamarket this weekend! My mom tells me that they are called "Peer Gynt-jackets" (after Henrik Ibsens famous character), and that my grandmother used to make similar ones and sell them to the tourists who visited the Sognefjord in the 1950s. They are made from thin wool fabric, and are sewn by hand. I got them both for the price of 50 Norwegian kroner, which I consider to be a bargain. They remind me of Norwegian national costumes, but I think they also will look very good combined with everyday clothing. Now that spring is here, I will definitely dress Iben in one of them as we go out playing in the park!

12 kommentarer:

  1. Fantastiske!!! Blir sikkert superfine til vanlege klær :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Gler meg til å prøve når regnet tek slutt...

      Slett
  2. fantastisk fine! har ikkje sett slike før?

    SvarSlett
    Svar
    1. Visstnok veldig vanlege på 50-talet. Eg hugsar å ha sett bilde av at nabogutten hadde ein slik på 17.mai då vi var små. Ikkje at det var på 50-talet...

      Slett
  3. Utrolig søte jakker :) Og det prutetipset skal jeg skrive meg bak øret!

    SvarSlett
  4. Så søte de var! Jeg har aldri sett slike jakker før, og er ikke sikker på om jeg hadde skjønt potensialet i dem om de hadde ligget i en kleshaug på loppis heller. Men nå! Noen ganger er det presentasjonen som gjør det ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggeleg tilbakemelding! Det er ikkje alltid det er like enkelt å sjå potensialet i samankrølla, gamle klede på loppis. Og mykje har jo ikkje noko potensiale, heller. Men klede i ull, og klede med hand-broderi på, tiltrekker seg automatisk mi merksemd.

      Slett
  5. Wow - these are beautiful , just found your blog via the craft sessions, love your blog and style - off look at some of your older posts for some knitting inspiration for my daughter.

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment