onsdag 9. april 2014

LOPPIS-DUKENS NYE LIV / A NEW LIFE FOR A FLEAMARKET FIND

I helga kjøpte eg denne juleduken på loppis. Ein juleduk i april, seier du kanskje? Men var ikkje pepperkaker og gløgg-søl denne duken var tiltenkt!

Dukar er nemleg supre utgangspunkt for å sy klede!
Eg er nærmast avhengig av å gå på loppis, og kjenner at det fysisk begynner å rykke i kroppen om eg ikkje får tid til å stikke avgarde til barneskulane i og rundt Oslo i loppesesongen. Forrige helg tok eg turen til Smestad og Lysejordet, og kom bl.a. heim med denne juleduken.

Og sidan eg har ein vond arm som gir meg strikke-forbud for tida, fann eg ut at det var på tide å rydde fram symaskina istaden, og sette i gong med å sy sommarklede til Iben.

Første plagg ut i vårens søm-produksjon blei stjernetoppen under:

Eg har funne mønsteret i den danske sy-boka Børnetøj 0-3 år av Hanne og Sofie Meedom. 
Eigentleg ville eg ha lange armar, men det var ikkje nok duk til det, så då blei det kort-erma i staden. Eg kunne også ønska meg nok stoff til å sy ein liten rysjekrage rundt halsen, men det hadde eg altså heller ikkje. Nokre bakdelar må det jo vere med å kjøpe stoff til 10 kr.

I love strolling fleamarkets, and in Oslo, spring and autumn brings many fleamarkets in local schools as fundraising for the childrens marching bands. Since my arm still is hurting, and I cannot knit, I have started sewing some summer clothes instead. Last weekend, I found this star sprinkled christmas table cloth, which I have transformed into a summer top for Iben. 

8 kommentarer:

  1. Herlig redesign! Så kjekt å kunne rydde frem en annen hobby når strikkearmen tar pause:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det hjelper på. Eg klarer ikkje heilt å slappe av utan å gjere noko for tida, kjenner eg...

      Slett
  2. Så kul trøyen ble - det er jo ekstra morsomt med noe som ingen andre har make av.
    Jeg elsker også loppis - jeg er så heldig å bo i nærheten av en av de skolene i Bergen som har loppemarked oftest (siden de ikke har skolekorps i Bergen er loppemarkedene stort sett arrangert av andre foreninger, derfor blir det gjerne sånn at de klumper seg sammen om noen skoler - flaks for meg!).

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggeleg tilbakemelding, Maria!

      Slett
  3. Superfin topp med gullstjerner! Du er jammen en altmuligkvinne:)

    SvarSlett
  4. Knallfin!
    Jeg hamstra masse lekre stoffer i helga som var :D

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment