I løpet av fredagskvelden (og morgonen lørdag) blei denne lua ferdig, strikka i Baby Silk frå Du store alpakka. Mønsteret er stripelue frå Den store guttestrikkeboka, men eg droppa striper. Og på toppen av hodet droppa eg "antenna" frå oppskrifta, og gjekk for ein tynnare og litt lengre i-cord "stilk".
Å velge størrelse var ikkje heilt enkelt.
For det første gjekk eg for eit tjukkare garn enn mønsteret foreslår (noko som gjer at eg burde gå ned ein størrelse), og for det andre har barnet alltid hatt eit litt stort hode for alderen (noko som gjer at eg burde gå opp ein størrelse). Eg prøvde meg fram med å strikke lua med maskeantallet og fellingane til størrelse 18 mnd, men elles bruke måla til størrelse 2-4 år.
Og lua blei nesten heilt passeleg.
Det vil seie: Den blei eigentleg for stor, men når eg bretta opp rillestrikk-kanten nederst, passa den fint. Så då har ho jo lue til hausten, også!
Men blei den luftig nok?
Grunnen til at eg gjekk for Baby Silk-garnet, er at det er heilt villt mjukt (viktig når det skal rett mot huda), og at garn som er iblanda silke oftast er eit godt val til "mellom-sesong"-plagg for vår/haust fordi plagga ikkje blir like varme som t.d. rein alpakka. På leikeplassen på morgonkvisten, før sola hadde varma opp bakken skikkeleg, verka lua heilt super. Men i solsteiken på ettermiddagen tok Iben resolutt lua av og kasta den på bakken. Så det kan nok hende mor må krype til korset og kjøpe ei lett bomullslue for å stenge ute vårtrekken, istaden for å strikke sjølv...
This weekend, spring is suddenly definitely here, and I suddenly figured that Iben didn't have any suitable hats for the warmer weather. Therefore I sat all evening friday knitting, to finish this hat in Baby Silk from Du store alpakka. But despite my efforts - it seems the hat is still too warm when the sun is heating up inner city Oslo. Maybe I will have to realise that I should buy a thin cotton hat in a store instead of knitting more silk wool hats?
Om enn litt varm, så blei den iallefall flott. Beint ut nydelig, synest eg.
SvarSlettOj, så kjekt at du synst det!
SlettNydelige farger sammen! Og for ei stor jente Iben er blitt :D
SvarSlettJa, ikkje sant!
SlettFlott lue :) Ja litt vanskelig vær nå - heldigvis har min søster strikket lue til storebror som akkurat har kommet til alderen der argumentet 'den har tante tine strikket til deg' fungerer bra
SvarSlettTakk Heidi! Hos oss er stort sett det einaste som fungerer å sjølv ta lua og spørre "Skal mamma ha på lua?" og late som eg tar den på meg. Det unner ho meg ikkje, så då hender det lua går på igjen på hennar hode. Men ikkje alltid...
SlettKjempesøt vårlue pg for en herlig ullunge i ull fra topp til tå:-)
SvarSlettMorsomt at jeg holder på med den samme lua som skal bli vårlue til minsten min. Bruker også alpakka/silke-garn, men i en tynnere variant (Sandnes).
Sikkert lurt å gå for litt tynnare ull, ja!
Slett