tirsdag 11. mars 2014

ÅRETS PLAGG? / THIS YEARS FAVOURITE KNIT?

Etter antallet babyshortsar strikka i heimen hittil i år, er det mykje som tyder på at dette blir årets favorittplagg på strikkefronten.

Tredje fullførte shorts er altså klar til bruk, og den fjerde shortsen venter på innkjøp av meir garn for å bli ferdig. Dei to første shortsane kan ein sjå her: Grå og rosa!

Oppskrifta er nok ein gong babyshortsen frå Den store guttestrikkeboka, og garnet er ein rest Alpakka Silke frå Sandnes Garn. Og for eit herleg og mjukt plagg det har blitt! Eg skulle nesten ønske den var til meg...

Shortsen er første plagg ut i mitt vesle pastell-prosjekt.
Eg planlegger som sagt å få brukt opp litt pastellar frå garnlageret ved å strikke nokre vårlege plagg til Iben framover. No gler eg meg til å plukke ut kva neste strikketøy skal bli.

Judging by the number of pairs of babyshorts that I have knitted so far, it could turn out to be this years favourite knit! The third pair of baby shorts are now finished, in beautyful baby blue (a remain from my yarn stash). The yarn is a mix of alpaca and silk, which makes the garment extremely soft. I almost wish it was for me...
These pair of shorts are the first garment in my little pastels project, where I want to try and knit new spring clothes for Iben only with yarn that I already own. Now I look forward to start picking out my next knit...

6 kommentarer:

  1. Skjønner godt at du strikker så mange av disse, de er jo så fine! Fargen på denne er superfin også :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for så hyggeleg tilbakemelding!

      Slett
  2. Nok en fin shorts:) Nå må jeg snart lage en selv også. Herlig farge, dette garnet må jeg sjekke ut en gang!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, du som skal ha ein liten, må absolutt prøve dette garnet. Det er litt "glatt" å strikke med (pga silken), men du verden så fint og mjukt det blir!

      Slett
  3. Så herlig shorts og farge :) Denne sitter jeg også og strikker på nå :)

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment