søndag 23. mars 2014

Å MINKE GARNLAGERET VED Å STRIKKE FOR VARME PLAGG / REDUCING THE YARN STASH BY KNITTING TOO WARM GARMENTS

Mitt andre restegarnprosjekt i pastellfargar er ferdig, og resultatet er ein vårleg balaklava og eit matchande sett med barnevottar. 

Begge er strikka etter mønster frå Nøstebarnboka. 
Vottane har eg blogga om før, ettersom eg etterkvart har strikka utallige utgåver av dei i ulike fargar og garnkvalitetar. Og balaklavaen har eg også blogga om før (sjå her og her!), sidan eg har strikka den to gongar tidlegare - då med fór inni for å passe til vinterbruk på kalde dagar.

Til saman gjekk det med litt i underkant av 150 g garn av Royal Alpakka frå Dalegarn for å fullføre både balaklavaen og vottane. Så no har garnlageret minka med tre nøster i pastellfargar. Ikkje at eg begynner å gå tom av den grunn...

Meininga var å strikke ein litt tynnare og lettare balaklava til Iben.
Men det lukkast eg nok ikkje heilt med, ettersom Royal Alpakka-garnet er ganske tjukt - og ettersom reint alpakkagarn er varmt. Vi har testa utandørsbruk i helga med Oslovår-temperatur på mellom fem og åtte pluss, og Iben har gitt beskjed om at ho er varm og gjerne vil ta av seg hodeplagget. Så det spørst om eg må strikke ein balaklava til for vårbruk - muligens i silkeull?

Og for spesielt interesserte: Det første pastellprosjektet var denne lyseblå shortsen i silkeull. 

The second pastel-project is finished. I am trying to reduce the size of my yarn stash, and have startet to knit little garments in pastel colours that feels like spring. (The first finished garment was a pair of light blue baby shorts in silk wool). This time I have used 150 g Royal Alpakka from Dalegarn to knit a balaclava and a pair of mittens for my toddler Iben. The balaclava was supposed to be used on cold spring days like the ones we have in Oslo these days, but I turns out that it is too warm. So it seems I have to knit another one. Maybe in silk wool?

3 kommentarer:

  1. For noen herlige farger du har brukt. Kjempefint sett :)

    SvarSlett
  2. Fine vårlige pastellfarger da:) Du får spare det til noen kalde sure vårdager - for de kommer garantert de også!

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment