onsdag 12. februar 2014

TOVA VOTTAR VERSJON 2 / FELTED MITTENS VERSION 2

Jepp, her er (hittil) siste runde med tova vottar, denne gongen meir suksessfulle.

Forrige gong gjekk det nemleg heilt, heilt gale, med vottar som ikkje eingong blei passe til dokka til Iben. Så etter å ha ha strikka eit nytt vottepar etter tova vottar-oppskrifta i Nøstebarnboka, tok eg ikkje sjansen på ein ny maskintovingsfiasko.

Tovinga foregikk derfor på gamlemåten.
Varmt vatn, grønnsåpe og to ivrige hender. Og lydbok på øret. Det viste seg nemleg å vere svært nødvendig med underhaldning. Tovinga tok gode tre kvarter frå lause vottar til nokonlunde tette, små barnevottar. Eg fulgte råda frå nettsida Ingvild tipsa meg om, og lot damene frå Bergen Husflidslag vise seg.

Når vottane var tørre, viste dei seg imidlertid framleis å vere hakket for store for mottakaren. 
Spørsmålet er no om eg skal tørre meg på å hive dei inn i vaskemaskina for ein liten ekstraomgang, eller om eg skal legge dei til side fram til neste vinter, og satse på at dei passer betre då? Eg er framleis i tenkekroken.

Garnet er hittil siste Pickles Pure Wool-prosjekt, i same farge som babyshortsen som blei strikka for ei stund sidan. Sidan det er rein ull, passer det veldig godt til toving, og sjølve handtovingsresultatet er eg igrunn godt nøgd med. Hadde det berre ikkje vore for at vottane er for store...

The last round of felted mittens are finished, this time with more success. You might remember last time I tried... Since my machine felting experience have not been the best so far, I tried felting by hand with these mittens. I took about 45 minutes of pretty hard work, but it paid off. The mittens are tight and warm. The only problem now is that the mittens still are too big for my toddler. So the question is: Should I try and machine felt them to make them smaller? 

4 kommentarer:

  1. Supersøte votter! Synes du er modig som gyver løs på toveprosjekt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Vottane blir jo veldig varme og gode når dei er tova, og hittil har vi ikkje funne nokon gode polvottar det er enkelt å få på Iben, så då blir det strikkavottar istaden...

      Slett
  2. Jeg tror jeg hadde lagt dem på vent, særlig hvis de er fine i denne størrelsen nå, maskintover du nå kan du risikere at de blir for små og kompakte igjen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg trur eg heller mest mot å la dei ligge og vente. Eg trur nok eg totalt kjem til å miste motet viss eg maskintover også desse vottane i stykker.

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment