torsdag 13. februar 2014

HER STRIKKER EG / THIS IS WHERE I KNIT




Inspirert av Monstermønster, Frøken Snupp, Spit m.fl. viser eg fram kor eg strikker. Og som oftast er det her, i sofakroken i stua. 

Ein må sjølvsagt ha godt arbeidslys når ein strikker.
Derfor er kroken innerst i sofaen nærmast arbeidslampa stort sett reservert til meg. Lampa er kjøpt på loppis for nokre år sidan, og var då grålakkert med flassande lakk, men vi slipte av lakken slik at det blanke lampeskjelettet bokstaveleg talt får komme fram i lyset. I dag er det imidertid Iben som har inntatt strikkekroken i sofaen. Det må ein få lov til når ein er liten og sjuk og må vere heime frå barnehagen.

Bordet er mormor sitt gamle sybord som eg har arva. 
Det er laga av teak, og er eigentleg kjempefint, men hadde nokre stygge vass-skader på bordtoppen då eg overtok det. Derfor blei det til slutt malt svart med matt bengalakk, noko eg er veldig nøgd med.


Bordet har ei korg-skuffe under seg, der eg oppbevarer pågåande prosjekt, og i hovudskuffa i bordet ligg alt av strikkepinnar og sikkerhetsnåler og sakser og smårusk ein treng når ein strikker. På golvet under bordet ligg kelimteppet frå Istanbul som er utgangspunktet for kelimfarge-prosjektet eg har hatt dei siste vekene.



Garnlageret ligg i ei korg ved sidan av sofaen, så her er det enkel tilgang til alt ein treng. 
Og tidvis ligg det også "garnlager" rundt omkring i resten av leiligheten. Men eg prøver å skjerpe meg, slik at ikkje hobbyen tek fullstendig overhand på alle husets overflater.

Det er imidlertid ikkje berre i sofaen eg strikker. 
Når eg er midt inni eit strikkeprosjekt, strikker eg f.eks ganske ofte på badet medan Iben tek kveldsbadet sitt. Då kan vi sitte og synge og prate saman, medan Iben leiker med plast-gakkgakken sin og vannkannene sine, og eg strikker. Og når eg er ute og reiser, får eg heilt panikk viss eg ikkje har med meg strikketøy. Men sidan det meste av min daglege ferdsel mellom jobb, heim, barnehage og avtaler foregår til fots i indre by, har eg elles stort sett ikkje med meg strikketøyet ut av huset.

For det har ikkje gått så langt at eg spaserer og strikker samtidig. Enda.

Inspired by Monstermønster, Frøken Snupp, Spit and other bloggers, I would like to show you where I knit. And it is mostly here, in the sofa in our livingroom. The table in front of the sofa is my grannys old sewing table, which I have painted black. The basket drawer under the table contains my ongoing knitting projects, and in the main drawer I keep all of my needles and other little things I need for my knitting. On the floor underneath the table you can see the Turkish kelim carpet from Istanbul, which inspired my kelim colour project. My yarn stash is placed in a box beside the sofa. 

But I do not knit only in my sofa. Regularly I also knit in the bathroom while Iben is taking her evening bath. That is actually a very nice way to spend time together: Her bathing, me knitting, both of us singing and chatting. And when I am travelling, I panic if I cannot knit. But in my everyday life, I seldom bring my knitting outside our apartment. Most of my daily travelling to and from work, kindergarten and appointments I do by foot, since we live in inner city Oslo, with short distances to most places. And I do not walk and knit. Not yet, at least...

15 kommentarer:

  1. Koooooseleg krok :) Og bade-strikking, det skal eg ha i minnet til me får større jente!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ein fin og koselig måte å få strikka litt på :)

      Slett
  2. Jeg går og strikker, men det får litt vel mye oppmerksomhet, så der psykes jeg ut ....) Veldig moro å se strikkekrokene!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe! Så det finst faktisk dei som gjer det! Eg har sett folk som går og les bøker samtidig, og synst det ser litt skummelt ut. Men om ein strikker og går, kan ein jo faktisk også sjå litt på vegen, om ein er rutinert nok.

      Slett
  3. Så koselig strikkekrok - og fin blogg du har!
    Sybordet etter mormoren din var supersmart, og jeg gleder meg til å følge med på kelimfarge-prosjektet! Det virket spennende! :D
    Ha en fortsatt fin dag!
    Hege

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for hyggeleg kommentar, Hege!

      Slett
  4. Dette var en utrolig koselig strikkekrok!

    SvarSlett
  5. For en koselig stue du har! Lyst og lunt. Kjempefint!
    Imponerende orden i strikkesakene :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det skal seiast at eg nyleg rydda i både strikkesaker og garnlager, etter at eg hadde hatt ein stor papirpose ståande i ein krok av stua i over eit år med nesten alt av garn og strikkeutstyr og uferdige/påbegynte prosjekt frå det siste året i eit vilt kaos. Det var herleg å få litt oversikt over kva ein faktisk har av garn og utstyr igjen.

      Slett
  6. Så fin strikkeplass du har. ja, det er viktig med godt lys og både lys fra vindu og lampe er kjærkomne.
    Sybordet ditt var nydelig. Jeg har nesten maken, men mitt er ikke behandlet, så der gav du meg en ide. Kurven som skulle vært under mitt bord er på et eller annet tidspunkt forsvunnet og det synes jeg er synd.
    Badstrikking var nytt for meg, men en herlig ide:)

    SvarSlett
  7. For et genialt bord! Et slikt kunne jeg også tenkt meg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, ikkje sant det er smart! Eg har elska bordet heilt sidan det stod i stua til mormor, og blei veldig glad då eg fekk det. Så gjeld det berre å prøve å halde det ryddig, og ikkje putte alt mogleg som eigentleg ikkje høyrer til der oppi skuffene når ein plutseleg får eit ryddeinnfall...

      Slett
  8. Her i huset badestrikkes det ofte😊

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment