torsdag 28. mai 2015

ROMPER I TYNN MERINO ULL / THE LIGHT BLUE SUMMER ROMPER

Sjølv om lillebror ikkje skal kome til verda før heilt i slutten av august, klarte eg ikkje la vere å strikke ein sommarleg romper til han. 

Oppskrifta ropte til meg frå strikkehefte-sidene,
og eg gav etter. Vi kan jo håpe at det framleis er litt varme i lufta i august/september. Og viss ikkje, får vi bruke den med body og strømpebukse under. Oppskrifta er frå heftet 1508 Tynn merinoull frå Sandnes garn.

Garnet er (igjen) Tynn merinoull frå Sandnes garn,
som har blitt ein liten favoritt i det siste. Ikkje loar det, og ikkje klør det, og samtidig er det tynt og kjem i mange fine fargar. Eit skikkeleg vinnargarn til babystrikk, med andre ord.


Even though little brother is not due before the very end of August, I could not resist knitting this summer romper for him. Let us hope there is still some summer heat left in the air in Norway when he arrives. 

8 kommentarer:

  1. Kjempe fin :) Sandnes har kommet med mange fine mønster i det siste, slikt liker vi!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Stine! Jepp, Sandnes har verkeleg m y k j e eg har lyst til å strikke om dagen. Her gjeld det berre å prioritere!

      Slett
  2. Skal si du har fart i strikkepinnene! Fin romper og nydelig farge. Er enig med deg at tynn merinoull er et godt garn. Har kun strikket en shorts i det til nå men det er veldig godt å strikke med. OG den fargeskalaen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, fargane er kjempefine. Og veldig fristande!

      Slett
  3. Søt romper! Når sommeren kommer så sent, varer den sikkert til lillegutten kommer også;) Men romperen er da like fin med strømpebukse og body under :) Babysettet i forrige innlegg var også veldig fint!

    SvarSlett
    Svar
    1. Joda, vi skal nok få brukt den - strømpebukser eller ikkje. Takk for hyggeleg tilbakemelding!

      Slett
  4. Kjempesøt romper! Denne kan fint brukes med strømpebukse og body også ja.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Mie! Vi satsar på at den blir mykje brukt, både med og utan strømpebukse under!

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment