mandag 17. februar 2014

PÅ PINNANE: BARSELGÅVER / ONGOING KNITTING: BABY GIFTS

Det er babyboom i vennegjengen min. Plutseleg er det veldig mange som har bytta ut fest, høghælte sko og impulsturar til London med gravidbukser frå H&M og fornuftig fottøy, medan magane veks. 

Ein kunne kanskje seie at det er på tide, for det har ikkje akkurat vore overflod av småbarn i nærmaste vennekrets til no. Men hyggeleg er det uansett. Og på strikkfronten merkast det tydeleg, ettersom produksjonen blir konsentrert om å strikke veldig, veldig små plagg. Noko som er veldig, veldig hyggeleg.

Dei ferdige plagga blir vist fram etterkvart som babyane kjem til verda og gåver er overrekt.

Suddenly there is a babyboom going on, and many of my girlfriends have growing bellies, which is very, very nice. The babyboom of course effects my knitting, and I am currently knitting many cute little outfits for the new babies. I will show them on blog after the babies are born and the gifts have been given.  

2 kommentarer:

  1. Her er det på samme måte om dagen, skulle tro det har vært dugnad! (Det er oppi 6 unger fra april til juli)
    Jeg syr sparkebukser og kyseluer, str. 56 virker så ufattelig smått, kan ikke tro Iben Ingeborg har vært så liten!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dugnadsånden er definitivt kome over mange, verkar det som. Eventuelt har plutseleg alle bikka 30 og fått det travelt med å få barn.

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment